GRUNNKURS

Kurs

GRUNNKURS 2025

Timetal

16

Datoar

Mandagar kl. 18.00.
Oppstart 12. mai 2025

Stad

Fykse Skule

Pris medlem

Kr. 1.450,-

Pris ikkje medlem

Kr. 1.800,-

Påmeldingsfrist

Fortløpande

Påmeldingsadresse

epost: tone@handalag.no

Påmelding er bindande.

Omtale

Kurset er sett saman av 8 samlingar og tek utgangspunkt i det kursdeltakarane (både to- og firbeinte) har lært på kvalpekurs.

På kurset arbeider ein vidare med innkalling, gå fint i band og «helsa fint». Det er også lagt opp til arbeid med andre ferdigheiter som er påbyrja på kvalpekurs og innlæring av nye «kunster».

Kurset tek sikte på å stetta behovet både for dei som vil arbeida vidare med kvardagstreninga til hunden, og for dei som vil trena vidare innan lydnad.

 

For å delta på grunnkurs, må de ha gått kvalpekurs hjå oss eller tilsvarande.

 

Velkomne på kurs!


NB: 

Dersom kurset vert overteikna innan påmeldingsfristen har dei som ikkje har grunnkurs frå før prioriterte.

Instruktør

Birgitte Vestrheim

Oppstart neste planlagde kurs