Kvam Hundeklubb har 8 eigne instruktørar. Desse held bl.a. kvalpekurs, grunnkurs, lydnadskurs, rallylydnadskurs, noseworkkurs, agilitykurs og brukskurs.
Tone Søgaard med Jopplin
Hilde Nielsen og Fønix
Ann Kristin Håland
Monica Nyland
Tone Søgaard
NKK instruktørutdanning (trinn 1) i 2001
Canis Instruktørutdanning 2009
Dommarutdanning Karaktertest 2009
Beskrivar Mentalbeskriving av hund 2010
Eg har hatt hund rundt beina sidan 1989, 2 colliar og 3 tervueren, 4 hannhundar og 1 tispe. For tida er eg eigar av Zappa, ein tervueren hannhund.
Hund nummer to hjå meg, collien Boris, vart den hunden som omforma meg frå hundeluftar til hundetrenar. Han viste seg å ha eit svært høgt aktivitetsnivå og eg vart pressa til å snusa både på spor, lydnad og rundering. Eg fatta etter kvart stor interesse for området ”hund og læring” og i løpet av åra som kom gjennomførte eg instruktørutdanningar og utdanning innan mentaltesting av hund. Eg har delteke på ei rekkje kurs innan ulike greiner av hundesporten og eg har halde ei rekkje kurs for Kvam hundeklubb. Eg brukar å sei at gjennom dei manga åra eg har trena hund har eg stadig endra og finslipt på metodar. Kvar hund hjå meg har vore ei ”prøvekanin” i søket etter mest mogeleg effektive metodar for læring. Eg har alltid nytta positiv forsterkning (belønning) i opplæring av hund, men auka kunnskap har medført stadig større bruk av ”forming av åtferd” gjennom positiv forsterkning. I dag er eg ikkje i tvil om kva som er den mest effektive, sikraste, mest etiske og ikkje minst mest morosame måten å trena hund på!
Hilde Nielsen
NKK instruktørutdanning (trinn 1) i 2007
Canis Instruktørutdanning 2009
Testleiar Mentalbeskriving av hund 2010
Nosework instruktør under Nosework Norge 2022
Eg har så lenge eg hugsar ynskt meg hund, og med Happy, Cockeren min (fødd i 2001), gjekk endeleg draumen om eigen hund i oppfylling. Før det, hadde me ein omplasserings Cavalier i nokre år.
I 2005 fekk eg min fyrste Field Spaniel, Saga og etter det har det berre vore Field som gjeld for meg.
No har eg Fønix (fødd 2015), Hippi (2021) og Java (fødd 2025) heime. Har og nokre fôrtisper som bur hos vener og slektningar.
Happy var min "prøveklut" og me prøvde mange ulike aktivitetar som agility, lydnad, spor, rundering og utstilling for å nemna noko. Eg hadde ingen planar om å gå konkurransar når eg fekk hund, men det har det altså blitt. Happy fekk opprykk til kl. 3 i Lydnad og gjekk i kl. B Bruks-Spor.
Hundane mine vert trente i mellom anna nosework, rallylydnad, triks og utstilling. I tillegg driv eg eit lite oppdrett på Field Spaniel.
Eg har halde fleire ulike kurs i Kvam Hundeklubb sidan 2008.
For meg er det viktig at all læring er positivt og at det skal vera moro for både hund og førar! Eg brukar berre positive metodar med belønningar og klikkermetoden. Har i dei seinare åra også fått augo opp for trening der ein fangar atferder (shaping) og syns denne forma for læring er både moro og veldig effektiv. Ein får også ein hund som sjølv må tenkja og som ikkje berre gjer som den vert vist.
Velkommen på kurs!!
Ann Kristin Håland
NKK instruktørutdanning trinn 1, 2010.
Delutdanning hjå Nordisk hundemassasjeskule, 2010.
Testleiar mentalbeskriving av hund, 2010.
Eg er vaksen opp med, og alltid hatt hund og interessa for hundetrening.
Hatt fleire hundar, som eg har trent og konkurrert med. Deriblant chihuahua, og vidunderet mitt, belgisk fårehunden, Larissa, som var den hunden eg lærte og konkurrerte mest med. Til i dag godklumpen tolleren Mynte. Eg har trent agility, rallylydighet, lydighet, spor og rundering. Det er kjekt og lærerikt å trene ulike rasear og størrelsar. Læra om etologi og den mentale delen synes eg er veldig spennande. Eg deltar jamnleg på nye kurs og ynskjer alltid å lære meir.
Godkjent og jobba som instruktør frå 2010.
Eg trenar positiv, som er kjekt både for eigar og hund. Uansett rase og alder, kan alle ha nytte og glede av aktivisering og trening. Det skapar eit tettare samarbeid, meistring og motivasjon. Som skal vere gleda av å ha hund i ein travel kvardag. Det er alltid noko nytt å lære, uansett kva nivå du er på, eller ynskjer meistring i.
Velkommen på kurs og treningar!
Monica Nyland
NKK instruktørutdanning- trinn 1, 2011
Nosework instruktør under Nosework Norge 2022
Nosework dommar under Nosework Norge 2024
Min fyrste hund- Kascha, fekk eg i 1994. Ho var ein trufast turkamerat og eit fullverdig familiemedlem.
I 2007 fekk me Udo i hus. Ein propell av ein hund.(!) Fantastisk lynne og motor til 1000....."Mor"måtte på kurs!!! Målet var å læra han "god folkaskikk",men på kurs forstod eg tidleg at dette var noko me begge hadde god bruk for. Me kunne gå times-lange turar, men ingenting gjorde så godt for den energiske hunden, som det å få trena og læra. Bruka hovudet.
Så balla det eigentleg berre på seg. Eit kurs førte til neste-..og neste....
I 2009 kom Trimma i hus. Ei 2 år gamal Tervueren tispe. Omplassert frå "søta bror"- nydeleg, herleg og "lyckliga gatan"... Ei skikkeleg god-jente, med noko temperament.
I åra som har gått har me trent og konkurrert i lydnad og i bruks. Rundering med Udo, og spor med Trimma. Begge med godkjend klasse B. Eg lever og andar for hundane mine. Det er vorten ein livsstil...
Som dei andre instruktørane i Kvam Hundeklubb, praktiserar eg positiv forsterkning når eg trenar hund.
Hundane mine tilbyr lukkeleg, og villig, adferder mot belønning - ikkje for å unngå eit ubehag.
Noko av det eg tykkjer er mest interressant med hund, er korleis dei kommuniserar med kvarandre og omverda. Det er utruleg lærerikt og nyttig å ha litt kunnskap om dette når ein lever med hund!
Skal du anskaffa deg hund? gå på kurs!
Både du og hunden din vil få igjen for det arbeidet de legg ned der. Det er eg overtydd om!
Velkomen på kurs!
Birgitte Vestrheim
Eg heiter Birgitte Vestrheim og bur på Fykse i Hardanger. Eg er utdanna hundeinstruktør trinn 1 gjennom Norsk Kennel Klub (NKK). Utdanninga tok eg i 2016 saman med min daværande schæferhund. Eg har vakse opp med hund og har alltid hatt ein stor lidenskap for hundar og dyr generelt. Då eg gjekk siste året på vidaregåande kjøpte eg ein omplasserings–bruksschæfer med mange utfordringar. Gjennom mykje trening, tolmod og hardt arbeid fekk me gode resultat, både heime og ute på konkurransar. Schæferen Amy, som ho heitte, vart inngangsporten til å fordjupe meg meir i hundetrening og samspelet mellom hund og eigar. Eg synest spesielt det er spennande å arbeide med hundar som har åtferdsutfordringar. Eg var også ein periode aktivt med i Norske Redningshunder (NRH), noko eg syntest var veldig kjekt. På grunn av utdanning og arbeidsliv måtte eg etter kvart legge dette på hylla. I dag har eg tre hundar med ulike formål. Eg har ein stor bruksschæfer og to border collier. Schæferen blir i hovudsak brukt til trening og ulike typar hundekonkurransar, medan border colliane blir brukt som gjeterhundar ettersom me driv med sau
Kari Algrøy Salthella
Lundqvist instruktør og adferdskonsulent i 2023 - 2024
Eg har vore så heldig og alltid hatt hund rundt meg hele livet. Vaks opp med rasen Berner Sennenhund. Med den siste berneren foreldra mine hadde starta eg å trene hund. Elska å trene med henne. Så når me måtte la ho sleppa på grunn av dårlege hofter venta eg i 3 år og ville gjerne ha eigen hund. Så i 2018 kom lille Levis til meg. Ein liten Shetland Sheepdog hannhund. Han viste seg å vera litt skeptisk til framande og menn, men ein utrulig lettlært hund. Så her starta reisa mi med å ynskje om å lære mest mulig om hund og korleis eg kunne hjelpe han i denne store skumle verda. Me meldte oss ganske raskt på kvalpekurs, men sleit mykje med fokuset hans, så følte me måtte ha litt meir hjelp. Då meldte me oss på unghundkurs. Der fikk me prøve ulike hundesportar og blei ganske raskt bitt av agility basillen. Etter det trente me 1 gang i veka, men Levis har alltid vore ein litt usikker hund. Så dette var meir for å bygge sjølvtilliten hans. Ikke å konkurrere, men mange blåbærstevner blei det. I 2025 debuterte me på vårt første offisielle stevne, men dette fant me fort ut at ikkje var noe for oss. Så me fortsetter med å trene og kose oss med agility. Også er han av og til en demohund på kurs. Raia kom til flokken i 2024, ei lita sheltie tispe. Med henne så er planen å konkurrere og forhåpentligvis komme litt langt. Eg har gått myke kurs og har lest meg mye opp på hund takka vera Levis. Det er grunnen til at eg tok instruktør og adferdskonsulentutdannelsen. Eg ynsker å hjelpa andre slik som eg har hjelpt Levis. Så eg gleder meg til flere kurs hos Kvam Hundeklubb.
Velkommen skal de vera på kurs!
Anja Austefjord Rykkje
NKK trinn 1 - 2024
Eg fekk første egne hund i 2016. Shetland Sheepdog av rase, som heit Bayaz. Ein vanskeleg fyrstegongshund, då han var redd heile verda og alt skulle gjetas/jagast på. Det var mykje energi i den vesle gjetarhunden, så noko måtte me finne på. Han var lettlærd og motivert, men miljø var vanskeleg. Me konkurrerte i rallylydighet, konkurranse lydighet, utstilling og agility. Bayaz vart dessverre kun 5 år, men han lærte meg mykje om redsel hos hund.
Eg syns at det å konkurrera med hund var kjekt. Spesielt agility. Det kom etterkvart ein og to hundar til. Quattro og Cash. Begge av rasen sheltie. Desse er i dag 6 og 8 år. Dei konkurerer begge to i øverste klasse i agility.
Eg har også ein 2 år gammel border collie heime. Han blir trent i agility og gjeting.
Eg er opptatt av at hundane skal vere fysisk godt trente, og fornøyde både fysisk og mentalt i kvardagen. Me likar å putla på med triks, styrketrening, masse fjellturar, trekk på ski og sykkel.
Samspel mellom hund og førar, og korleis «trykke på dei rette knappane» for kvar enkelt hund, er noko eg syns eg veldig kjekt og spanande.
Kristin Nielsen