Verta medlem

VERTA MEDLEM

Er du, - eller har du tenkt å verta eigar av hund?

 

Då er kanskje Kvam hundeklubb ein klubb for deg og din firbeinte ven?

 

Kvam Hundeklubb vart stifta i 1978 og har i dag omlag 100 medlemer.

Kvam Hundeklubb arbeider for å skapa eit aktivt hundemiljø i Kvam.

 

Dei fleste hundar og eigarar har glede og nytte av å trena innafor større sosiale samanhengar.

I tillegg er det mykje å læra av andre, så kvifor ikkje delta på ein eller fleire av våre aktivitetar?

 

Medlemsfordelar

 

Du kan melda deg på klubben sine aktivitetar!

Du får rabatt på kurs i regi av Kvam hundeklubb

Du mottar bladet Hundesport

Du kan delta på NKK sine konkurransar/utstillingar til medlemspris

Du får tilgang til hunderegisteret DogWeb

Du får rabatt i Agria Dyreforsikting

 

Medlemskapet i Kvam Hundeklubb kostar kr. 300,- for 2018

pluss kr. 220,- i kontingent frå NKK om du ikke allereie er medlem av ein annan klubb

 

Korleis melda seg inn i klubben ?

Følg linken her og meld deg inn direkte frå NKK sine sider,

eller ta kontakt med Hilde Nielsen, tlf 97729459 , e-post kennel@hasaty.com

Vent så med å betala til du får ein giro av NKK.

 

Frå og med 1.januar 2007 vert all kontingent, også for medlemmer i Kvam hundeklubb innkrevd av Norsk Kennel Klubb.

Formålet med dette er å letta det administrative arbeidet til NKK, samt samla "hundenorge".

For medlemmer i Kvam hundeklubb inneber dette at ein frå 2007 må betala ein medlemskontigent på 220,- direkte til NKK (alle som gjer det vil då få hundesport og ellers dei fordelene som medlemmer av NKK har hatt tidlegare).

Dette er ein eingongssum som alle må betale kvart år. I tillegg må ein betale medlemskontigent til Kvam Hundeklubb

og evt. andre klubbar ein er medlem i. All kontingent vert sendt ut på samla rekning frå NKK

og så vert dei pengane som skal tilfalla klubbane refundert frå NKK.