INSTRUKTØRAR

Kvam Hundeklubb har 6 eigne instruktørar. Desse held bl.a. kvalpekurs, grunnkurs, lydnadskurs, rallylydnadskurs, agilitykurs og brukskurs.


Tone Søgaard med Jopplin

Hilde Nielsen og Fønix

Tone Søgaard


NKK instruktørutdanning (trinn 1) i 2001

Canis Instruktørutdanning 2009

Dommarutdanning Karaktertest 2009

Beskrivar Mentalbeskriving av hund 2010


Eg har hatt hund rundt beina sidan 1989. Den fyrste hunden min, ein langhåra collie, var eit svært godt selskap og ein god turkamerat. Arvtakaren, Boris, også langhåra collie, vart den hunden som omforma meg frå hundeluftar til hundetrenar. Boris viste seg å ha eit svært høgt aktivitetsnivå og eg vart pressa til å snusa både på spor, lydnad og rundering. Eg fatta etter kvart stor interesse for området ”hund og læring” og gjennomførte utdanninga som NKK trinn I instruktør i 2001. Etter det har eg delteke på ei rekkje kurs innan ulike greiner av hundesporten og eg har halde ei rekkje kurs for Kvam hundeklubb. Etter Boris kom Jassir, ein tervueren (belgisk fårehund) som var fantastisk kjekk å jobba med. Med Jassir byrja eg å lesa og læra meg litt om "klikkertrening".  I heimen har eg i dag 2 tervueren, Jopplin og Zappa. Eg brukar å seia at gjennom dei manga åra eg har trena hund har eg stadig endra og finslipt på metodar. Kvar hund hjå meg er ei ”prøvekanin” i søket etter mest mogeleg effektive metodar for læring. Eg har alltid nytta positiv forsterkning (belønning) i opplæring av hund, men auka kunnskap har medført stadig større bruk av ”forming av åtferd” gjennom positiv forsterkning. I dag er eg ikkje i tvil om kva som er den mest effektive, sikraste, mest etiske og ikkje minst mest morosame måten å trena hund på!   


Hilde Nielsen


NKK instruktørutdanning (trinn 1) i 2007

Canis Instruktørutdanning 2009

Testleiar Mentalbeskriving av hund 2010

Nosework instruktør under Nosework Norge 2022


Eg har så lenge eg hugsar ynskt meg hund, og med Happy, Cockeren min (fødd i 2001), gjekk endeleg draumen om eigen hund i oppfylling. Før det, hadde me ein omplasserings Cavalier i nokre år.

I 2005 fekk eg min fyrste Field Spaniel, Saga og etter det har det berre vore Field som gjeld for meg.

No har eg Fønix (fødd 2015) og Hippi (2021) heime. Har og nokre fôrtisper som bur hos vener og slektningar.

Happy var min "prøveklut" og me prøvde mange ulike aktivitetar som agility, lydnad, spor, rundering og utstilling for å nemna noko. Eg hadde ingen planar om å gå konkurransar når eg fekk hund, men det har det altså blitt. Happy fekk opprykk til kl. 3 i Lydnad og gjekk i kl. B Bruks-Spor.

Hundane mine vert trente i mellom anna nosework, rallylydnad, feltsøk, og utstilling. I tillegg driv eg eit lite oppdrett på Field Spaniel.

Eg har halde fleire ulike kurs i Kvam Hundeklubb sidan 2008.

For meg er det viktig at all læring er positivt og at det skal vera moro for både hund og førar! Eg brukar berre positive metodar med belønningar og klikkermetoden. Har i dei seinare åra også fått augo opp for trening der ein fangar atferder (shaping) og syns denne forma for læring er både moro og veldig effektiv. Ein får også ein hund som sjølv må tenkja og som ikkje berre gjer som den vert vist.

Velkommen på kurs!!

Marianne Byrkjeland

Ann Kristin Håland

Monica Nyland

Marianne Byrkjeland


NKK instruktør trinn 1 1987 og 2007.

NSG instruktør for gjetarhundopplæring 1991.

Hundeeigar skule og instruktørutdanning ved Fjellanger kompetansesenter 2008. (10 modular).

Årlege oppdateringskurs for gjetarhundinstruktørar sidan 1999.

Gjetarhunddommar for Nsg 2001-2011.

Instruktør for gjetarhund instruktørar for Nsg sidan 2013.

Figurantkurs for mentaltest .

Ymse kurs i samband med lydnadstrening/konkurransar.

Halde kvalp og grunnkurs i Kvam Hundeklubb sidan 2008, og gjetarhundkurs for Nsg sidan 1991.


Eg fekk min første hund 1986, og har sidan drive aktivt med hund. Det var ein Border collie som skulle brukast i sauehaldet på garden. Sidan har det vorte mange gjetarhundar som har vore innom her til opplæring. Det har vore kursverksemd for gjetarhundar og eigarar, og sal av trente hundar. Nokre år dreiv eg også med avl på Border Collie.

Omlag kvart år sidan 1998 har gjetarhund nemda Hordaland Sau og Geitalslag hatt oppdateringskurs for instruktørane sine der det har kome instruktørar frå både Sverige og Storbritannia. Dette har vore svært nyttig, og opplæringsmetodane har forandra seg mykje etter dette.

Eg synes det er viktig å utvikla seg som instruktør, og har i privat regi delteke på mange gjetarhundkurs både i Norge og Sverige.


Eg har  og delteke på gjetarhund konkurransar i inn og utland (Sverige og Nederland). Frå 2004 har eg delteke med hundar på NM med 11 plass som beste plasssering.


Eg har også drive med lydnadstrening, og var aktiv i konkurranse frå 2003-2009. Elbrus fekk opprykk til elite.

I 14 år  har me og drive eit lite hundepensjonat i tillegg til gardsdrifta.

.

Me har til ei kvar tid 3-4 border colliar som eg trenar opp og brukar i sauehaldet på garden.

Dei beste får også delta på getarhundkonkurransar.

Eg synes det er viktig å søkja ny kunnskap og utvikla seg som instruktør og hundtrenar.


Eg er oppteken av å bruka positive treningsmetodar og det er svært viktig å få god kvardagslydnad i hundehaldet,.så vert det så moro å vera saman med ein god firbeinte besteven.

KOM på kurs og LÆR å ha det kjekt med hunden din!



Ann Kristin Håland Træbakken


NKK instruktørutdanning trinn 1, 2010

Delutdanning hjå Nordisk hundemassasjeskule, 2010

Testleiar mentalbeskriving av hund, 2010

 

Eg har vakse opp med, og alltid hatt hund. Min fyrste, eigne hund, ei chihuahuatispe fekk eg i 2007. Vidunderet mitt fekk i 2011, ein belgisk fårehund, tervurentispe, Larissa. Ho vart min første konkurransehund. Eg har trent agility, rallylydighet, lydighet, spor og rundering med henne. I tillegg er ho ein god familie- og turhund. 2018 fekk eg chihuahuatispa mi Trixie. Ho blir arvtakaren som konkurransehund. Det er kjekt og lærerikt å trene med ein liten og ein stor hund.

 

Eg har stor lidenskap og engasjement for hund og hundetrening. Eg deltar stadig på nye kurs og ynskjer alltid å lære meir. Har ein rekke kurs innanfor agility, lydighet, rundering og atferd. Godkjent og jobba som instruktør frå 2010.

Eg trenar positiv/klikkermetoden, som er kjekt både for eigar og hund. Det er viktig å aktiviserer hunden, uansett rase og alder. Trening skapar eit tettare samarbeid og motivasjon hjå eigar og hund. Det er alltid noko nytt å lære, uansett kva nivå du er på.

Velkommen på kurs og treningar!


Monica Nyland


NKK instruktørutdanning- trinn 1, 2011


Min fyrste hund- Kascha, fekk eg i 1994. Ho var ein trufast turkamerat og eit fullverdig familiemedlem.

I 2007 fekk me Udo i hus.  Ein propell av ein hund.(!) Fantastisk lynne og motor til 1000....."Mor"måtte på kurs!!! Målet var å læra han "god folkaskikk",men på kurs forstod eg tidleg at dette var noko me begge hadde god bruk for. Me kunne gå times-lange turar, men ingenting gjorde så godt for den energiske hunden, som det å få trena og læra. Bruka hovudet.

Så balla det eigentleg berre på seg. Eit kurs førte til neste-..og neste....

I 2009 kom Trimma i hus. Ei 2 år gamal Tervueren tispe. Omplassert frå "søta bror"-  nydeleg, herleg og "lyckliga gatan"... Ei skikkeleg god-jente, med noko temperament.

I åra som har gått har me trent og konkurrert i lydnad og i bruks. Rundering med Udo, og spor med Trimma. Begge med godkjend klasse B. Eg lever og andar for hundane mine. Det er vorten ein livsstil...

Som dei andre instruktørane i Kvam Hundeklubb, praktiserar eg positiv forsterkning når eg trenar hund.

Hundane mine tilbyr lukkeleg, og villig,  adferder mot belønning - ikkje for å unngå eit ubehag.

Noko av det eg tykkjer er mest interressant med hund, er korleis dei kommuniserar med kvarandre og omverda. Det er utruleg lærerikt og nyttig å ha litt kunnskap om dette når ein lever med hund!

Skal du anskaffa deg hund? gå på kurs!

Både du og hunden din vil få igjen for det arbeidet de legg ned der. Det er eg overtydd om!

Velkomen på kurs!

Birgitte Vestrheim