Våre instruktørar

Kvam Hundeklubb har 4 eigne instruktørar. Desse held bl.a. kvalpekurs, grunnkurs, lydnadskurs og brukskurs.
Her er ein liten introduksjon av kvar enkelt.


Tone Søgaard

Tone Søgaard

NKK instruktørutdanning (trinn 1) i 2001
Canis Instruktørutdanning 2009
Dommarutdanning Karaktertest 2009
Beskrivar Mentalbeskriving av hund 2010

Eg har hatt hund rundt beina sidan 1989. Den fyrste hunden min, ein langhåra collie, var eit svært godt selskap og ein god turkamerat. Arvtakaren, Boris, også langhåra collie, vart den hunden som omforma meg frå hundeluftar til hundetrenar. Boris viste seg å ha eit svært høgt aktivitetsnivå og eg vart pressa til å snusa både på spor, lydnad og rundering. Eg fatta etter kvart stor interesse for området ”hund og læring” og gjennomførte utdanninga som NKK trinn I instruktør i 2001. Etter det har eg delteke på ei rekkje kurs innan ulike greiner av hundesporten og eg har halde ei rekkje kurs for Kvam hundeklubb.  I heimen har eg i dag 2 hundar, Jassir og Jopplin. Begge tilhøyrer rasen tervueren (belgisk fårehund). Eg brukar å seia at gjennom dei manga åra eg har trena hund har eg stadig endra og finslipt på metodar. Kvar hund hjå meg er ei ”prøvekanin” i søket etter mest mogeleg effektive metodar for læring. Eg har alltid nytta positiv forsterkning (belønning) i opplæring av hund, men auka kunnskap har medført stadig større bruk av ”forming av åtferd” gjennom positiv forsterkning. I dag er eg ikkje i tvil om kva som er den mest effektive, sikraste, mest etiske og ikkje minst mest morosame måten å trena hund på!  


Marianne Byrkjeland

Marianne Byrkjeland

2007 NKK instruktørutdanning trinn 1
2008 Hundeeigarskule og Instruktørutdanning hjå Fjellanger kompetansesenter på Os.(10 modular)

Eg fekk min første hund 1986, ein Border collie som skulle brukast i sauehaldet på garden. Sidan har det vorte mange gjetarhundar som har vore innom her til opplæring. Det har vore kursverksemd for gjetarhund folk, og sal av trente hundar. Nokre år dreiv eg også med avl på gjetarhund.
Eg har drive med hundetrening i over 23 år.
1991 instruktørkurs for gjetarhund NSG.
Kvar år sidan 1998 har gjetarhund nemda Hordaland Sau og Geitalslag hatt oppdateringskurs for instruktørane sine der det har kome instruktørar frå både Sverige og Storbritannia. Dette har vore svært nyttig, og opplæringsmetodane har forandra seg mykje etter dette.
2001 utdanna dommar for gjetarhund NSG
Har og delteke på gjetarhund konkurransar i inn og utland (Sverige og Nederland).
Eg har også drive med lydnadstrening, særleg aktivt sidan 2001.
Dei siste 6 åra har me og drive eit lite hundepensjonat i tilegg til gardsdrifta.
Har delteke på kurs klubben har arrangert med erfarne lydnads trenarar.
Eg er oppteken av å bruka positive treningsmetodar i hundehaldet.
Hundane me omgås pr i dag er alle Border Colliar,
Elbrus 8 år i mai, han er gjtarhund på garden, og konkurransehund på sau. Han har kvalifisert seg til NM i 5 år, beste resultat nr.11 2006, og fylkesmeister i Hordaland 2007. 2008 fekk han opprykk til elite lydnad. Han er ein makalaus hund å trena og jobba med.
Bill er 5 år, arbeidshund på garden og har vore med på ein del gjetarhundkonkurransar. Han går agility og lydnad med dottera i huset.
Jethro Tull er 2 år og fekk godkjent gjetarhundprøve kl 1 og 2 i haust. Han er litt trent i lydnad og skal vidareutviklast mykje i gjeting komande år.
KOM på kurs og LÆR å ha det kjekt med hunden din!


Hilde Nielsen

Hilde Nielsen

NKK instruktørutdanning (trinn 1) i 2007
Canis Instruktørutdanning 2009
Testleiar Mentalbeskriving av hund 2010

Eg har så lenge eg hugsar ynskt meg hund, og med Happy, Cockeren min (fødd i 2001), gjekk endeleg draumen om eigen hund i oppfylling. Før det, hadde me ein omplasserings Cavalier i nokre år.
I dag har eg i tillegg til Happy, ei Field Spaniel tispe, Saga (fødd 2005) og sonen hennar frå fyrste kull; Teo (fødd 2008). Her bur også Canberra (fødd 2011) som er dotter frå Saga sitt siste kull. Har og eit par fôrtisper som bur hos slektningar.
Happy er min "prøveklut" og vi har prøvd mange ulike aktivitetar som Agility, Lydnad, Spor, Rundering og Utstilling for å nemna noko. Eg hadde ingen planar om å gå konkurransar når eg fekk hund, men det har det altså blitt. Happy har opprykk til kl. 3 i Lydnad og går i kl. B Bruks-Spor.
Saga er i tillegg til å vera avlstispa på kennelen vår treningskammerat helst innan Lydnad. Ho vert også trent i andre aktivitetar som f.eks. spor.
Me har delteke på mange ulike kurs både her i klubben og andre stader. Bl.a. tok eg Canis Klikkertrener kurs i 2008.
Teo får trena litt lydnad, rundering og spor. Både blodspor og bruksspor.
Eg har allereie halde fleire kurs i Kvam Hundeklubb.
For meg er det viktig at all læring er positivt og at det skal vera moro for både hund og førar! Eg brukar berre positive metodar med belønningar. Har i dei seinare åra også fått augo opp for trening der ein fangar atferder (shaping) og syns denne forma for læring er både moro og veldig effektiv. Ein får også ein hund som sjølv må tenkja og som ikkje berre gjer som den vert vist.
Velkommen på kurs!!

   
AKH

Ann Kristin Håland

NKK instruktørutdanning trinn 1, 2010
Delutdanning hjå Nordisk hundemassasjeskule, 2010
Testleiar mentalbeskriving av hund, 2010

Eg har alltid vakse opp med hund og forutam to familiehundar fekk eg min første hund i 2007: ei chihuahua langhåra tispe. Ho er ei lita frøken med ein stor personligdom som eg har trent litt lydighet med, men som no kun er kos og turhund. Ho er ingen veskehund!
Eg har tidlegare trent fram ein blandingshund til agility konkurranse og sommaren 2011 fekk eg vidunderet mitt Larissa som er ein belgisk fårehund tervueren. Ho trener eg agility, rundering, spor og lydighet med. I tillegg er ho er ein god familie og turkamerat.
Eg har stor lidenskap og engasjement innafor hund/hundetrening og deltar stadig på nye kurs og ønskjer alltid å lære meir. Eg har blant anna delutdanning frå Nordisk Hundemassasje skule, som er ei djup innføring i hundens anatomi og fysiologi, samt ein rekke kurs innanfor agility, lydighet, rundering, adferd og generelt.
Eg trenar etter positive metodar som er kjekt både for eigar og hund. Det er veldig viktig å aktiviserer hunden uansett rase og det er alltid noko nytt å lære uansett kva nivå du er på.

Velkommen på kurs!