Agilitykurs

AGILITYKURS

Kurs

Agilitykurs - nybyrjar 2018

Timetal

8

Datoar

24. og 31. mai og 7. juni. Kl 19.00 - ca. 21.30

Stad

Steinsdalen

Pris medlem

800

Pris ikkje medlem

1.100

Påmeldingsfrist

14. mai

Påmeldingsadresse

epost: akhaaland@hotmail.no

Omtale

Er du nysgjerrig på hundesporten agility?

Agility er ei hinderløype med hund. Hunden skal hoppe over, springe gjennom eller balansere over ulike hinder. Dette liknar på mange måtar utfordringar dei kan møte ute i naturen, noko dei synes er morosamt. Sporten kjem opprinneleg frå England, med utspring frå hestesporten. Agility er eit engelsk ord, og betyr rask og lett bevegeleg.

På dette kurset har me ikkje med dei såkalla felthindra, men du får innføring i korleis du kan lære hunden din hinder i agility på en sikker, god og rett måte. Samspel mellom hund og førar, og i tillegg er dette ein super mental og fysisk trening for begge to!

De vil få innlæring på øvingar ein bør trene på før ein startar på felthindra.

Kurset passar for alle. Det vert tilpassa om dei ulike hundane på kurset, om det er små kvalpar, vaksne eller eldre hundar. Små kvalpar og eldre hundar kan ikkje hoppe så mykje/høgt, men desse vil likevel få eit godt utbytt av kurset då det blir trent på lik linje som dei andre berre med låge hinder. Det viktigaste er å oppnå eit godt samarbeid med hunden og å ha det kjekt!

Instruktør

Ann Kristin Håland